EIC Vest

EIC Vest

 

EIC Vest

EIC Vest er eit av fem informasjonskontor i Norge oppretta av Europakommisjonen. Vi informerer og gir råd om regelverket for Den indre marknaden i EØS området, for eksempel hva er lov og ikkje når det gjelder e-sigaretter. Vi kan skaffe naudsynt dokumentasjon, direktiv, offentlege anbodsutlysingar osv. og vi kan tilby overvaking av nyheiter innan ein del område.

Aktuelt :

 

EU-program
EU har ei rekke EU-program. Dei dekker dei flreste samfunnsområda: Forsking og utvikling, kultur, helse, regional utvikling, og ungdom og utdanning. Programma har ei varigheit på 4-7 år. Dei fleste av dei er opne for norsk deltaking, dvs. at norske verksemder og institusjonar kan søka om og få tilskot til prosjekt. Det er eit ufråvikeleg krav for deltaking at prosjektet har ein Europeisk ‘dimensjon’, at det byggjer opp under Europakommisjonen sine uttalte satsingar og at det har deltakarar frå fleire Europeiske land. EIC Vest kan gi assistanse i etablering av prosjektkonsortium og i utforming av prosjektforslag.
Offentlege innkjøp
Liberaliseringa av offentlege innkjøp har vore eit av dei viktige tiltaka i utviklinga av Den indre marknaden. Den er bestemt av eit regelverk som regulerer korleis offentlege innkjøp skal gjennomførast og som derfor skal sikre effektiv konkurranse. Det viktigaste elementet i dette regelverket er kravet om at alle offentlege innkjøp over ein viss storleik skal utlysast i heile EØS-området. Dette skjer i Official Journal Supplement som no berre finst på elektronisk form. EIC Vest tilbyr ei overvakingsordning for utlysingane i OJS.